Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Visuelt gjennomarbeidd debut blir for enkel og emosjonelt monoton.

Eit siste, nifst farvel

Vantru: «Håndtering av udøde» stiller store krav til skodespelarane. Anna (Renate Reinsve) har mista sonen sin og kan ikkje tru sine eigne augo når ho opnar døra til rommet hans. Foto: Nordisk Film

Håndtering av udøde

(Noreg, 2024) Regi: Thea Hvistendahl Manus: John Ajvide Lindqvist og Thea Hvistendahl Skrekkdrama/ 1t. 37min./ Kino

Ei norsk filmatisering av skrekkforfattaren John Ajvide Lindqvist skapar forventingar. Både Tomas Alfredsons sosialrealistiske vampyrdrama «La den rette komme inn» (2008) og Ali Abbasis radikalt ikkje-binære trollfilm «Grensen» (2018) fornya sjangerfilmen med utgangspunkt i den originale forfattarskapen. Kan langfilmdebutant Thea Hvistendahl oppnå noko liknande med zombiehistoria «Håndtering av udøde»? Ikkje heilt, men ho har også gjort det vanskeleg for seg sjølv. Etter boka kom ut i 2005, har det gått inflasjon i zombie-forteljingar som kombinerer ekte kjensler og samfunnsutfordringar med ulike gradar av skrekk, frå dramaserien «Gjengangerne» (2012–15) til speldramatiseringa «The Last of Us» (2023). I dag fell «Håndtering av udøde» litt mellom alle stolar.