Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I ei tid der vondskapen vinn fram, er det godt å kunne gle seg og sjå lys.

Tid for håp

FEELGOOD: Med referansar til mellom anna antikken og mytologien fekk vi ei godt framført musikalsk reise. FOTO: VEGARD EGGEN

Størst av alt er kjærligheten

Trøndelag Teater, Gamle scene

Av: Jonas Corell Petersen

Med: Sunniva Du Mond ­Nordal, Jo Saberniak, Marte M. Steinholt, Tor Ivar Hagen, Trond-Ove Skrødal, ­Natalie ­Grøndahl Tangen og ­Åsmund Flaten 

Som eit lite lys i ei elles mørk verd har Trøndelag Teater late Jonas Corell Petersen lage ei upretensiøs musikalsk framsyning som utforskar kjærleiken. Det handlar ikkje om kjønnsdrifta, men om dei store eksistensielle kjenslene, desse valdsame kreftene som både kan gi fortaping, død, håp og glede, men mest det siste.