Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tvang

Når ein først skal tvinge nokon til å skrive anten nynorsk eller bokmål, tenkjer eg det er best å tvinge dei til å skrive nynorsk. Det beste er sjølvsagt å ikkje tvinge nokon i det heile teke, men no står vi no her, då, med ny opplæringslov i fanget og må velje. Vestland fylke må ta stilling til kva målform dei vidaregåande skulane skal ha og med det kva målform lærarane skal bruke i undervisninga og i kommunikasjonen med elevane.