Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Surrealistisk «Tore på sporet».

Slekta er verst

Slange i paradis?: Søstrene Kari og May trur Gud har sendt dei ei ukjent søster, men er ho ei velsigning? Foto: MerFilm

Mirakelet i Gullspång

(Sverige, Norge/ 2023) Regi: Maria Fredriksson Dokumentar/ 1t.40min./ Kino

Etter at Netflix hekta oss på true crime, har vi vorte blaserte. I takt med at stadig fleire produsentar har freista å overgå suksessar som «Tiger King: drap, kaos og galskap» (2020), skal det stadig meir til før vi leer eit augnebryn. Svenske Maria Fredriksson greier både å overraska og lokka publikum på kino med sin skamlaust underhaldande, etisk utfordrande og nyleg Guldbagge-prisa «Mirakelet i Gullspång» (Beste dokumentar 2023).