FNs internasjonale domstol i Haag har besluttet å gå videre med full gransking av folkemordanklagene mot Israel for krigføringen på Gaza. Samtidig beordrer domstolen Israel til å umiddelbart iverksette tiltak for å forhindre folkemord. Tiltakene skal dokumenteres og rapporteres inn til domstolen innen én måned. Israel blir blant annet pålagt å straffe direkte og offentlige oppfordringer til folkemord mot palestinere. I dommen siterer dommerne flere uttalelser fra israelske ledere, som inngår i saken Sør-Afrika har reist mot Israel. Blant annet ble forsvarsminister Yoav Gallants tale til israelske tropper på grensa til Gaza lest opp i Haag: «Jeg har gitt slipp på alle begrensninger … Dere så hva vi kjemper mot. Vi kjemper mot menneskelige dyr … Gaza vil ikke gå tilbake til hva det var før. Det blir ingen Hamas. Vi vil eliminere alt.»
Kunne ikkje Kjerkol og Borch heller tatt seg eit kurs?
Vi definerer masteroppgåva som eit translingvistisk apparat
For over tjue år sidan var eg student på Universitetet i Bergen. Eg skreiv aldri noko hovudfagsoppgåve, eller masteroppgåve som det heiter no til dags, men eg har mellomfag i litteraturvitskap, grunnfag i nordisk og grunnfag i sosiologi. Eg fekk dårleg karakter i sosiologi fordi eg på heimeeksamen hadde dikta opp eit eksempel for å forklare ein teori. Eg hugsar ikkje lenger kva teorien var, men eg hugsar at det eg dikta, var noko om arbeidarar som streika. Det oppdikta eksempelet mitt var ypparleg, om eg ikkje hugsar feil, og eg la ikkje skjul på at eg hadde dikta det opp, eg er ganske sikker på at eg innleidde med «lat oss seie at …», og så heldt eg fram med finurlege namn på dei tilsette på fabrikken og fabrikksjefen. Eg sto på eksamen, men karakteren var rundt 3.7, som det heitte den gongen, og kanskje lyg eg no, kanskje var det 3.8 eller 3.9, men 4.0 var det i alle fall ikkje, for eg sto, eg trong ikkje skrive ein ny eksamen der eg brukte eksempelet frå læreboka og skreiv kjeldetilvising i kjeldelista. For hadde eg ikkje dikta, så hadde eg måtta det, ein heimeeksamen i sosiologi grunnfag tillét sjølvsagt ikkje noko eigen forsking med eigne informantar, og på den tida var det ikkje så lett å google fram streikesaker i media som kunne ha passa inn.