Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Sau» er ein sjarmerande invitasjon til å drøfta nasjonale vegval for landbruk og busetnad.

Ålreite damer

Småbruk for framtida: Bonde Rakel Nystabakk planlegg sauehald for ei framtid med mindre energibruk, og kopplammet Ståle får vera med på ferda, utan ballar. Foto: Norsk Filmdistribusjon

Sau

(Noreg, 2024) Regi: Rebekka Nystabakk Dokumentar/ 1 t. 23 min./ Kino

Av og til kjem ein lengst ved å nærma seg tunge tema med ein lett tone. Det viser Rebekka Nystabakk i den smittande viljesoptimistiske dokumentaren «Sau», eit yrkesportrett av regissøren si eiga veslesøster, Rakel, som vel å ta over småbruket etter foreldra i Salten. Den siste garden med husdyrhald og drift på den gamle handelsstaden Engan.