Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Film

Wow-effekten

Gripande minneportrett som gjev slepp på nokre debattsjansar.

SPEL-ROMANSE: Rumor og Ibelin – eigentleg Lisette Roovers og Mats Steen – kom nær kvarandre både i «World of Warcraft» og på andre digitale plattformer, men såg eller talte aldri med kvarandre. Foto: Euforia film

Ibelin

(Noreg, 2024) Regi: Benjamin Ree Manus: Mats Steen, Benjamin Ree Dokumentar / 1 t. 44 min. / TIFF, på kino 8. mars

Mange har alt blitt rørt av historia om den alvorleg sjuke gamaren Mats Steen (1989–2014) og hans «hemmelege» liv i eit internasjonalt spelsamfunn, som familien først vart klar over då Mats døydde. Endå fleire vil la seg røra gjennom dokumentaren «Ibelin», titulert etter Mats’ spelavatar. Filmen sikrar truleg Benjamin Ree («Kunstneren og tyven») ein ny suksess både på Sundance-festivalen og norske kinoar, men når lommeduken er kasta, kunne ein ønska at regissøren hadde søkt noko meir enn publikums tårer.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?