Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Giorgos Lanthimos’ Bella Baxter utfordrar Greta Gerwigs Barbie.

Ei Pinocchia frigjer seg

Forført forførar: Mark Ruffalos kvinneforførar er berre ein av mennene som kjem til kort mot Emma Stones bokstavleg tala gjenfødde Bella Baxter. Foto: Disney

Poor Things

(USA, 2023) Regi: Giorgos Lanthimos Manus: Tony McNamara etter Alasdair Grays roman Satirisk drama/ 2t.21min./ Kino

Giorgos Lanthimos Oscar-favoritt og Gulløve-vinnar frå Venezia i fjor er unekteleg ein filmatisk kraftprestasjon. Den revisjonistiske Frankenstein-forteljinga «Poor Things» er ikkje minst, og kanskje i første rekkje, ei handverksbragd ein knapt trudde var økonomisk mogleg i dag.