Har ikkje vore i eiga bransje
Medan alle i LO-toppen kjem frå golvet, har mange av NHO-direktørane aldri jobba i næringa dei representerer.

I dag er mange av landets samfunnstoppar samla i Oslo Spektrum for å delta på årskonferansen i regi av næringslivsorganisasjonen NHO.
NHO representerer ei lang rekkje av landets bedrifter, og det er dei som forhandlar med arbeidstakarane i LO om lønsoppgjeret kvart år.
Men medan LO-toppane stort sett kjem frå «golvet» og frå arbeidslivet i næringane dei representerer, er mange NHO-toppar folk som har bakgrunn frå politikk, kommunikasjon og organisasjonsarbeid.
Klassekampen har gått gjennom yrkesbakgrunnen til alle forbundsleiarane i LO. Alle dei 24 LO-toppane starta i si tid på golvet i ei bedrift, før dei klatra seg oppover stigen som tillitsvald.
Slik er det ikkje i NHO. Blant direktørane i NHO-landsforeiningane har mange aldri jobba i bransjen dei representerer. Det tyder ikkje at dei ikkje har jobba før.
For det dei manglar i næringslivserfaring, tek dei igjen med solid politisk erfaring. Heile 9 av 19 NHO-toppar er rekruttert rett frå det politiske elitesjiktet:
- Øystein Eriksen Søreide (Høgre)
- Åslaug Haga (Senterpartiet)
- Randi S. Øgrey (Venstre)
- Karita Bekkemellem (Arbeidarpartiet)
- Erik Lahnstein (Senterpartiet)
- Kristin Krohn Devold (Høgre)
- Anne-Cecilie Kaltenborn (Høgre)
- Harald Solberg (Kristeleg Folkeparti)
- Geir Ove Ystmark (Venstre)
Felles for dei, og fleire av landsforeiningsleiarane i NHO, er at dei har liten eller ingen yrkeserfaring frå bransjen som landsforeininga dei leier, representerer.
Det utgjer ein tydeleg kontrast til leiarane av foreiningane under LO-paraplyen. Fleire av dei har rett nok også politikk på cv-en, men i langt meir beskjedne roller.
Ulike behov
Viseadministrerande direktør i NHO Anniken Hauglie seier at dei heile tida lyt balansere fleire ulike kompetansar.
«For oss er det ein stor fordel å ha nokon i leiinga som har jobba i bransjen.»
— Stig Morten Nilsen, administrerande direktør i Norsk bilbransjeforening
Dei forsøkjer å ha folk som kjenner næringane dei representerer, men det er ikkje nok.
– NHO er både ein medlemsorganisasjon og ein samfunnsaktør. Vi må forstå bedriftene og dei ulike næringanes føresetnader og behov, og vi må forstå samfunnets behov og samla interesser. I vår organisasjon har vi ei rekke styre, råd og utval kor bedriftenes ekspertise er representert, seier ho.
I går tok leiar i Framstegspartiet Sylvi Listhaug eit generaloppgjer med NHO.
Ho meiner at arbeidsgjevarorganisasjonen var betre før, og at dei har vorte for opptekne av å «jakte på subsidiar».
Haugli meiner at NHO er ein organisasjon med ei djup og brei forståing av det norske samfunnet.
– Vi har fagekspertar blant våre tilsette, men også tilsette med kompetanse og innsikt i politikk og samfunnsliv elles, seier ho.
Kom frå bilbransjen
Stig Morten Nilsen er administrerande direktør i Norsk bilbransjeforbund, som organiserer dei som sel og marknadsfører bilar her i landet. Før han fekk den jobben, var han i mange år tilsett i ulike roller i bedrifter som bilseljarfirmaet Bertel O. Steen og i den norske avdelinga til BMW.
Nilsen har med andre ord røynsler frå næringa han representerer, og han fortel at det ikkje er ein tilfeldigheit.
– Då eg vart tilsett som sjef for 13 år sidan, var styret oppteken av å finne ein med bransjeerfaring. Tenkemåten har vore at det er enklare for ein bransjeperson å lære seg organisasjonsarbeid enn det er for ein organisasjonsperson å lære seg bilbransjen, seier Nilsen.
– Tykkjer du at det er ein fordel i jobben din?
– Ja, det er det så definitivt. Bilbransjen er ganske kompleks og mangslungen, og ei av dei viktigaste oppgåvene vi gjer, er å ha kontakt med styresmaktene. Dei brukar oss for å forstå bransjen og korleis den fungerer. Då er det ein veldig fordel å ha nokon i leiinga som kjenner den tvers igjennom og som også kjenner folk i bransjen, seier Nilsen.