Utslite helsepersonell, feil tilvisingar, forsinka behandling og dødsfall. Det er blant konsekvensane av innføringa av journalsystemet Helseplattformen på St. Olavs hospital i Trondheim. Det neste halvåret skal systemet innførast i Helse Møre og Romsdal.
Legeforeningen meiner Helse Møre og Romsdal blir pressa til å innføre eit system som er utrygt for pasientane i fylket.