Når blir ei bok fødd, og når på året fyller forfattarskapen som følgjer den førstefødde boka, år? Er det dagen då debutboka blir lansert, eller dagen då den første tanken som skal spire til det første makelause meisterverket i ein stor og mangslungen forfattarskap, planta seg i forfattaren? Eller heller dagen då lokalavisa i heimbygda til forfattaren trykker sin første artikkel om henne, altså om henne som forfattar, og ikkje som utøvar på kulturskulens julekonsert: [Forfattar] har blitt forfattar! Ho takkar norsklæraren sin på barneskulen?
Protestar og digressive anfall til Gunnhild Øyehaugs forfattarskap på 25-årsdagen.