Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Martine Grande lèt ein liten kropp ta store steg.

Eller midt i mellom

Biletbok

Martine Grande

Stor

Biletbok

Samlaget 2023, 33 sider

Mange barnebøker har ein klår struktur, der heltinna eller helten i forteljinga reiser frå ein trygg heim ut i den store verda, før ho eller han kjem seg heimatt til slutt (puh!) Martine Grande si nye biletbok «Stor» er skore over ein liknande lest, sjølv om ferda ut i verda berre føregår på tankeplan: Ho er ei storesyster som drøymer seg større enn foreldra, slik at ho får ansvar for å passe på veslesystera – og fridom til å forvalte dette ansvaret nett slik ho vil.