![Biletbok](https://cdn.sanity.io/images/u4eaiudq/production/99037ef7df7a1302b6703f9faac7622193ec661b-532x646.png)
Martine Grande
Stor
Biletbok
Samlaget 2023, 33 sider
Mange barnebøker har ein klår struktur, der heltinna eller helten i forteljinga reiser frå ein trygg heim ut i den store verda, før ho eller han kjem seg heimatt til slutt (puh!) Martine Grande si nye biletbok «Stor» er skore over ein liknande lest, sjølv om ferda ut i verda berre føregår på tankeplan: Ho er ei storesyster som drøymer seg større enn foreldra, slik at ho får ansvar for å passe på veslesystera – og fridom til å forvalte dette ansvaret nett slik ho vil.