Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kjærleik, kino, musikk (og ein hund) – det som gjer livet til å halda ut.

Melankolsk tango

Byens lys: Chaplins ånd lyser i «Høstgule blader» og er heidra med å gje namn til laushunden, som den einamed Ansa (Alma Pöysti) tar inn. Foto: Arthaus

Høstgule blader

(Kuolleet lehdet, Finland, 2023) Regi og manus: Aki Kaurismäki Drama/ 1 t .21 min./ Kino

Med «Høstgule blader» har Aki Kaurismäki laga ein av sine finaste filmar. Den kunstnariske krafta er like sterk 40 år etter spelefilmdebuten – Dostojevsij-filmatiseringa «Forbrytelse og straff». Og no som då er den finske meisteren og hans sorgmilde filmskapningar i lakonisk dialog med idear og estetikk i andre kunstnarskap. Samstundes har Kaurismäki destillert sitt eige uttrykk til dei essensielle bestanddelane.