Ken Loach II: Dei beste Loach-filmane er også familiefilmar. Sjeldan har det vore meir hjarteskjerande sant enn i «Sorry We Missed You» (2019), om utbyttinga i app-økonomien. GK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Kjærleik, kino, musikk (og ein hund) – det som gjer livet til å halda ut.
Melankolsk tango
Høstgule blader
(Kuolleet lehdet, Finland, 2023) Regi og manus: Aki Kaurismäki Drama/ 1 t .21 min./ Kino
Med «Høstgule blader» har Aki Kaurismäki laga ein av sine finaste filmar. Den kunstnariske krafta er like sterk 40 år etter spelefilmdebuten – Dostojevsij-filmatiseringa «Forbrytelse og straff». Og no som då er den finske meisteren og hans sorgmilde filmskapningar i lakonisk dialog med idear og estetikk i andre kunstnarskap. Samstundes har Kaurismäki destillert sitt eige uttrykk til dei essensielle bestanddelane.