Samfunnsbyggande venskap: Pubeigar og tidlegare fagrørsleaktivist TJ (Dave Turner) får att kampviljen av den syriske flyktningen Yara (Ebla Mari). Foto: Ymer Media
Vertshuset The Old Oak
(Storbritannia, 2023) Regi: Ken Loach Manus: Paul Laverty Drama/ 1t.53min./ Kino
Med «Vertshuset The Old Oak» blir det tydeleg at dei siste tre filmane til Ken Loach er ein krutsterk, vidfemnande trilogi om britisk og europeisk nyfattigdom. Dette siste kapittelet er ikkje «berre» endå ei sosialrealistisk nedanfråskildring av eit drepande, nyliberalt klassesamfunn, men like mykje eit verdidrama. Loachs kanskje siste film avrundar med oppbyggeleg, politisk refs av sjølvdestruktive haldningar i arbeidarklassen, manar til breie alliansar med kyrkja og gjev smått utopiske glimt av ein ny, internasjonal solidaritet. Det er nesten eit juleeventyr for småkårsfolk.
Hardhaus: Anders Baasmo spelar ein krigarkaptein. Foto: NFD
Konvoi
(Noreg, 2023) Regi: Henrik Martin Dahlsbakken Manus: L. Gudmestad, H. Rosenløw-Eeg, C. Siebenherz Krigsfilm/ 1 t. 48 min./ Kino
Det går ikkje lenger an å nekta for at nye, norske filmar om andre verdskrig handlar vel så mykje om å fylla ein populær sjanger som om å drøfta «Krigen».