Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tveit

Nesten alle byar og tettstadar veks fram på ein organisk måte, og den politiske påverknaden er stort sett ganske liten. Det finst likevel nokre unnatak, og mange av dei stammar frå den same perioden på 1950- og 60-talet då planøkonomien og styringsoptimismen nådde sitt høgdepunkt så langt. Brasilia stod klar som Brasils hovudstad i 1960, på byrjinga av 60-talet bygde sovjetarane den store industribyen Stavropol opp frå grunnen, og i 1965 peikte dei norske sosialdemokratane ut Førde som vekstsenter.