Flokkmentalitet
«Dream Scenario» er Kristoffer Borglis beste til no.

Dream Scenario
USA, 2023 Regi og manus: Kristoffer Borgli Satire/ 1 t.42 min./ Kino frå 2. februar
Kristoffer Borgli slo gjennom i fjor med ein prisvinnande satire om vår tids digitale oppmerksemdsøkonomi, «Syk pike». Berre halvtanna år etter den kritikarroste Cannes-premieren er Borgli klar med endå ein kvass kulturanalyse. Her blir livet til ein anonym universitetsprofessor snudd opp ned i det han – på stadig meir urovekkjande vis – byrjar å dukka opp i draumane til kollegaer, studentar og vilt framande. «Dream Scenario», som også inneheld ein av Nicolas Cages aller beste rolleprestasjonar, må dessutan seiast å vera ein av dei mest kunstnarisk vellukka overgangane frå norsk til amerikansk filmbransje nokon gong. Kanskje skuldast det at USA er sjølve kjelda til dei sosiale fenomena Borgli interesserer seg mest for, så som den drivande logikken i viralt kjendiseri og merkevarekapitalisme?
Same kva er det imponerande korleis filmskaparen i løpet av tre filmar har utvikla seg raskt og med store sprang til å bli både ein handverksmessig dyktig regissør og manusforfattar samstundes som han har halde fast ved ein litt fandenivaldsk outsidarposisjon i bransjen og vore rakrygga nok til å satsa på vidareforedling av eigne originalidear i USA.
Idear har Borgli i overflod, men i «Dream Scenario» er dei mange innfalla og referansane oppsiktsvekkjande godt integrerte i ei forteljing som har det «Syk pike» mangla: ei allment attkjenneleg hovudrolle som er teikna og spela med empati, som gjer at publikum kjenner det er noko som står på spel her, at lagnaden til Paul Matthews (Nicolas Cage) vedgår oss.
Evolusjonsbiologen Paul er eit temt og stovereint «mannsdyr», umedvitande om han har ei boblande, maskulin midtlivskrise under huda. På heimebane lever universitetsprofessoren eit rutinemessig småborgarliv med si kulturinteresserte arkitektkone og sine to tenåringsdøtrer, som knapt ser opp frå mobilen om dei ikkje vil gje uttrykk for kor cringe far er. Også profesjonelt er Paul parkert. Medan han som åremålstilsett slitar har nok med å fanga studentane si interesse for kvifor sebraen har striper, har ein kvinneleg kjenning frå hans eiga studenttid gjort lysande forskarkarriere ut av Pauls idear om hive mind, eller antelligence, som er Pauls ord for det kollektive medvitet til maur (eit vittig omgrep Borgli kanskje har henta frå spelverda). Mangelen på yrkesfagleg suksess gjer også at den joviale kollegaen er utestengd frå karriereakademikarane sine private middagsselskap.
«Det er Pauls faglege interesser som gjev filmen ein høgare himmel»
Kvardagsskildringane balanserer stødig mellom drama og komedie og er engasjerande i seg sjølve, men det er Pauls faglege interesser som gjev filmen ein høgare himmel.
Når er det ein evolusjonær fordel å kunne gøyma seg i flokken, som sebraen, og når og korleis bør ein skilja seg ut i mengda for å få para seg? Spørsmåla er ikkje berre sentrale for å forstå åtferd, dei er av same grunn svært veleigna råstoff for sosial komedie – eller sosial skrekk, og Kristoffer Borgli lar oss igjen få sjå korleis det første fort glir over i det andre når dei nattlege «massevisjonane» av Paul gjer han globalt kjent og ettertrakta. Filmen har blant mykje meir ein hjarteskjerande lattervekkjande, nifs og fornedrande sexscene med omvendt metoo-forteikn.
Denne gongen har Borgli Ari Aster («Beau Is Afraid») som produsent og som representant for ein yngre generasjon særmerkte og sjangerblandande skrekkfilmskapar. Aster fungerer som ei bru frå Borglis tidlegare kalde, europeiske sarkasme til metafysisk formulerte, inderlege, amerikanske nevrosar.
«Dream Scenario» gjer svært god bruk av subtile tidsforskyvingar mellom lyd og bilde, blant anna for å visa dei mange sjølvbedraga og sjølvmotseiingane i Paul. Den abrupte pianomusikken til Owen Pallett, som tidlegare er Oscar-nominert for musikken til Spike Jonzes «Her» (2013), er redigert på eit liknande effektfull vis, og fotoet til Benjamin Loeb (som også filma Nicolas Cage i «Mandy», 2018) glir saumlaust mellom dei ulike sjangrane og kjenslene filmen kastar oss mellom.
Interessant nok verkar ikkje den meir anekdotiske utforskinga av nærliggjande idear (om kommersialisering av nattesvevnen vår), som uvelkomne digresjonar frå hovudforteljinga, men snarare som ei påminning om at «Dream Scenario» også er ein samfunnskommentar og ikkje «berre» ein god fiksjonsfilm.
Filmen har ordinær kinopremiere i februar og vil bli nærare omtalt då.