Heimvend husbond
Når ein ikkje kan vera fri, må ein halda seg i live på anna vis
Svinegjetaren Evmaios sat på trammen og laga seg nye sandalar av oksehud då dei halvville hundane hans sette i ei rasande gneldring. Han slengde frå seg skinn og reiskap og plukka opp nokre småstein til å kasta på dei slik at dei ikkje skulle riva i hel den gamle tiggaren som låg og kraup i hop nede på vegen. Mens hundane rømde i alle retningar, fekk svinegjetaren den stakkars fillefransen opp på føtene og inn i huset. Han inviterte han endåtil på middag med vin og nyslakta pattegris, for Zevs vil at tiggarar og framandfolk skal takast godt vare på.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn