Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ivar Medaas gjorde strile­kulturen til noko å vera stolt over.

Spikjekjøtsmusikk

Noreg visste ikkje kva som var i ferd med å skje då ein ung Ivar Medaas tok med seg fela og flytta til Ås for å gå på landbrukshøgskulen i 1960. Noko av det første som møtte han i Oslo, var mindremannskjensla då han ikkje eingong kunne kjøpa sokkar utan å verta dumma ut. Mykje om og men og mange folk i arbeid før ho bak kassa sa: «Åja, det var strømper du ville ha».