NRK-serien «Makta» er på alles lepar. A-endinga er ikkje tilfeldig – «makten» hadde vore historielaus. Og ordet? Tysk Macht er i slekt med mögen, «å kunna» eller «vera i stand til», det engelske may/might er òg same ord. Grunntydinga er såleis ikkje tvang eller røff styrke, men hakket penare – det ein evnar; får til.
Korleis kan det vera at løver vaktar inngangen til Stortinget?
Makta og løva
Språket