Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det er ikkje noko framsteg for feminismen at ein får ta del i nedslaktinga av palestinarar på lik fot med andre.

Kvinner i krig

KRIGENS OFFER: Käthe Kollwitz’ pietà «Mutter mit totem Sohn» (1932).

Eitt av dei feministiske poenga til Wencke Mühleisen i denne spalta i førre veke var at det er infantiliserande å gruppere kvinner saman med barn som personar med særstatus som offer. Dette er ein likskapsfeministisk tanke som det er lett å forstå. Internasjonal humanitærrett skil likevel i hovudsak ikkje mellom menn og kvinner, men mellom stridande og ikkje-stridande. Det grunnleggjande prinsippet der, er at «åtak einast bør rettast mot stridande og militære mål, og at sivile og sivile mål bør respekterast». Sitatet er henta frå den informative sida casebook.icrc.org.