Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vil kunstnarar og skodespelarar overleva KI?

Kunstnarisk intelligens

Rollebytte: Alicia Vikander spela roboten Ava i «Ex Machina» (2014). Når vil «Ava» spela Vikander? Foto: UIP

I skrivande stund er skodespelarane i Hollywood på veg tilbake på jobb etter å ha streika i nær fire månadar. Fagforeininga til film- og tv-skodespelarane omtalte den førebels avtalen som «ekstraordinær i si breidde». Arbeidsgjevarane i alliansen av film- og tv-produsentar brukte ordet «paradigmeskifte». Ein ting er at partane har vorte samde i gamle konfliktspørsmål, som at grunnløna skal løftast, og at aktørar som Disney og Netflix har gjeve etter for kravet om betre bonusordningar i strøymetenestene. Heilt nytt er at kontraktane òg vil omfatta godkjenningskrav og kompensasjonssatsar for bruk av kunstig intelligens. KI-klausular var også eit hovudkrav frå dei streikande manusforfattarane, som signerte ein ny tariffavtale i september.