Du kan bla til neste sideBla med piltastene

500 svenske Tesla-tilsette er i streik fordi selskapet nektar dei tariffavtale. Fellesforbundet førebur sympatiblokade i norske hamner.

Førebur norsk Tesla-blokade

INGA TRYGG HAMN: Leveringsklare Tesla-ar sto på hamna i Drammen i går og venta på utlevering til norske eigarar. Viss Tesla vil sende bilar til den svenske marknaden via norske hamner, blir dei ståande igjen på båten, seier Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum.

– Vi ser på dette som ein felles kamp, seier leiar Jørn Eggum i Fellesforbundet om streiken som føregår i Sverige.