Sofia Kourtesis
"Madres"
Ninja Tune/Playground
Etter å ha kyssa ei jente som tenåring, blei Sofia Kourtesis utvist frå den katolske skulen ho gjekk på i Lima. Ho måtte be om syndeforlating i kyrkja, og blei sendt i konverteringsterapi. I konservative Peru møtte ho ikkje mykje forståing for sin skeive legning, og som syttenåring tok ho steget og flytta aleine til Tyskland. No, tjue år seinare, er ho ein av dei heitaste og mest kredible musikarane, produsentane og DJ-ane på Europas elektroniske scene.