Lengsel etter nåtid
(Noreg, 2023) Regi og manus: Knut Erik Jensen Drama-dokumentar/ 1t.54min./ Kino
I «Lengsel etter nåtid» vender Knut Erik Jensen tilbake til grunntemaet i både dokumentar- og dramafilmografien sin: andre verdskrig, slik krigen vart opplevd i det evakuerte og brende Finnmark. Jensen, sjølv fødd i Honningsvåg i 1940, skreiv seg inn i spelefilmhistoria med dei estetisk og historisk banebrytande «Stella polaris» (1993) og «Brent av frost» (1997). Filmane utmerka seg med sine sanselege og poetiske tolkingar av høvesvis evakueringa av Finnmark, sett gjennom barneaugo, og av den tragiske lagnaden til Kiberg-partisanane, som kjempa mot nazismen på sovjetisk side.