Maska sprakk for Robert De Niro på tysdag då han vitna i ei sak der han og ein tidlegare tilsett har saksøkt kvarandre for høvesvis injuriar og trakassering. 80-åringen er kinoaktuell i «The Killers of The Flower Moon» og vart nyleg far for sjuande gong. Livet krev nok sitt, men når De Niro byrjar å likna sine karakterar, kan alle skvetta. «Skam deg, Chase Robinson!» ropte han mot eks-assistenten frå vitneboksen. You talkin’ to me? GK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene