Ein skulle tru at det å ha lese ein ny roman i Karl Ove Knausgårds «Morgenstjernen»-serie ville vende blikket opp, mot himmelen og eventuelle framandlekamar der. Då eg skrittar over den store grassletta Blackheath søraust i London, på veg frå krypinnet mitt i området for å møte Knausgård på ein pub i Greenwich, er merksemda mi likevel dregen mot bakken under føtene mine.
I Karl Ove Knausgårds nye roman slår porten til helvete opp.