Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Olaf Scholz famlar etter ein politikk som kan tilfredsstille amerikanske interesser og redde tysk økonomi.

Tyskland i skvis

Illustrasjon: Knut Løvås, Knutlvas@gmail.com

I perioden 2010–2020 erfarte Tysklands industri ein samanhengande høgkonjunktur. Ein for Tyskland gunstig eurokurs, store mengder relativt billeg gass frå Russland, internasjonal frihandel og knirkefrie globale verdikjeder gjorde at tysk industri kunne importere billege råvarer og halvfabrikata, særleg frå Kina, og eksportere avanserte ferdigvarer, ikkje minst til USA og Kina. I 2018 sto Tyskland for nær seks prosent av verdas totale industriproduksjon, overgått berre av Kina, USA og Japan. I 2019 utgjorde Tysklands industriproduksjon 22 prosent av BNP, som var langt over alle dei andre EU-landa. Industrivarer står for 84 prosent av samla eksport, berre overgått av Kina (93 prosent). Den store eksporten av industrivarer er grunnen til Tysklands vedvarande varehandelsoverskot med USA. Berre overfor Kina har USA eit større underskot i varehandelen.