Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Forslaget

Det norske supplyskipet Ocean Viking siglar rundt i Middelhavet og plukkar opp flyktningar i farlege småfartøy på veg mot Europa. For under to månadar sidan gjennomførte dei den største redningsoperasjonen skipet har vore med på og redda 623 flyktningar på 36 timar, som vart sett av i Italia. Til no i år har om lag 2500 menneske døydd på den livsfarlege vegen over havet. Sidan 2014 har 28.000 flyktningar mista livet i Middelhavet, ifølgje Missing Migrants Project.