Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Varde

Ein seier gjerne at dei første som tok seg opp på dei mest krevjande norske fjelltoppane i Jotunheimen og på Sunnmøre, var rike engelskmenn. Dei forlot tekstilfabrikkane sine heime i England i månadsvis i strekk, og bidro til å byggje opp ei turistnæring på stader som Øye og Fjærland, kor det framleis står flotte hotell i sveitserstil frå andre halvdel av attenhundretalet. Ein mindre fortalt løyndom er at mange av dei engelske fjellpionerane trefte på eldgamle vardar på mange av fjelltoppane dei tok seg opp på.