Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Anmeldelse

Album

Skaar

Mad Woman

Warner

Eg er freidig nok til å sitera mi eiga melding av Emma Steinbakkens debutalbum frå i sommar: «I likhet med andre poptalenter som nylig har albumdebutert på major labels, kan det virke som om alt det interessante (...) blir slipt vekk i storselskapenes jakt på de store strømmetallene.» For også pophåpet Skaar – som no debuterer på Warner – har ein eigenart, men den er ikkje alltid like lett å få auge på. Tekstane er rett nok meir akutte, låtane mykje farlegare enn hos Steinbakken. Og Skaar er sjølvsagt sin eigen artist, uavhengig av andre i same sfære. Det finst gode tilløp her, der spesielt popvokalen er eit berande element. Men alt i alt blir det, vel, noko uforløyst.