Då den legendariske engelske fjellklatraren William Cecil Slingsby kom til Bergen for første gong i 1872, tykte han det var synd og trist at alle dei flotte gamle trehusa i byen var i ferd med å bli erstatta av «prosaiske pussete bygg». Det er nok klassiske bygardar han refererer til, og på den tida erstatta dei gavla og umåla trehus som kunne vere hundrevis av år gamle. Dei nye bygningane gav husrom til den raskt veksande bybefolkninga. I dag vil vel mange bergensarar seie at dei flotte bygardane frå attenhundretalet er noko av det som gjer Bergen til ein vakker by, men for Slingsby representerte dei notida, dei var kjedelege og dei minna om han om England.
Vi lengtar ofte tilbake til slik vi har oppfatta at ting har vore i nær fortid. Frå middelalderen av vart det drive stadig meir brutal skogdrift i heile Europa, og utover syttenhundretalet var heile kontinentet nesten heilt avskoga. Også i Noreg var det nesten ikkje skog att. Slik haldt det seg lenge, nesten heilt fram i vår tid. Mange vaksne folk som lever i dag, har eit bilete av det norske kystlandskapet som heilt fritt for skog, og dei blir lei seg når dei ser at nedgangen i det moderne jordbruket gjer at skogen på nytt veks fram i landskapet som dei kjenner som skogfritt. Det er jo likevel den heilt nakne kysten som var eit kortvarig unntakstilfelle.
Sjølv kan eg kjenne på ein lengsel etter tippekioskar, gardsdrift med silo, bilar utan servostyring og linoleumsgolv.
Solberg-saka
Ber Solberg leggje fram alt
Viktige dokument i Solberg-saka vert framleis haldne i hemmelegheit av Statsministerens kontor. Professor Christoffer C. Eriksen ber Erna Solberg frigje dei.
PRESSA: Erna Solberg får klar beskjed frå jussprofessor Christoffer C. Eriksen om å samtykke til at alle dokument vert lagt fram. Her frå ein pressekonferanse i 2021. Foto: Tom Henning Bratlie
Erna Solberg seier at ho kan ha vore inhabil i ei rekkje saker då ho var statsminister, fordi ektemannen handla aksjar i selskap som ho påverka.
Halvannan veke etter at saka sprakk, har ho framleis ikkje sagt ja til å gje offentlegheita fullt innsyn i alle dokumenta om saka frå Statsministerens kontor (SMK). Klassekampen og andre medium har bede om innsyn i alt materiale knytt til aksjesaka, men fleire dokument er enno hemmelege.
I ein e-post skriv SMK at dei hemmelege dokumenta inneheld møtereferat, interne notat og korrespondanse knytt til habilitetsvurderingar av Erna Solberg.
Professor Christoffer C. Eriksen ved Universitetet i Oslo meiner det er problematisk at offentligheta ikkje får sjå dokumenta.
– Det er trugar tilliten til heile det politiske styringssystemet dersom desse dokumenta ikkje blir offentleggjort, for her er det tale saker der det kan vere alvorleg styringssvikt. Då må offentlegheita få tilgang til denne informasjonen, seier jusprofessoren.
Opp til Erna
Eriksen meiner at Solberg bør opne for at publikum får innsyn i dokumenta. Det vil ikkje automatisk føre til at SMK må offentleggjere papira, men det vil medverke til at SMK må vurdere saka på nytt.
Klassekampen har spurt Erna Solberg om ho samtykkjer til å frigi dei hemmelege habilitetsvurderingane. Ho har ikkje svart.
Klassekampen og fleire andre medium har bede SMK om å få sjå vurderingane av habilitet som var gjort då Erna Solberg var statsminister frå 2013 til 2021.
Solberg sjølv har sagt at ho var inhabil då ho handsama saker knytt til Hydro. Saman med ektemannen Sindre Finnes eigde ho aksjar for fleire hundre tusen kroner då ho gav Hydro vasskraftverket Røldal-Suldal i 2020.
Lista over aksjar som Sindre Finnes har handla i, inneheld 79 selskap. Om offentlegheita fekk tilgang til vurderingane som er gjort, vil det vere mogleg å vurdere om Solberg var inhabil i fleire saker.
SMK viser til at habilitetsvurderingane er interne dokument i sitt avslag om innsyn. SMK meiner at omsynet til å vareta ein open og fri dialog i den interne sakshandsaminga veg tyngre enn omsynet til offentlegheit.
Viss ikkje Solberg tek til orde for at folk får sjå dokumenta, kan den vurderinga verte ståande.
– Dersom habilitetsvurderingane inneheld opplysningar om Solbergs personlege forhold eller dersom dei vert sett på som interne dokument, kan det vere naudsynt at Solberg gir sitt samtykke. Dersom Solberg ikkje gir sitt samtykke, kan Stortinget likevel få utlevert dokumenta ved å treffe vedtak etter Grunnloven § 75 f, seier Eriksen.
Lang historisk presedens
Eriksen er ein av Noregs fremste ekspertar på temaet. Han har mellom anna forska på alle former for offentleg tilgang til interne dokument i regjering og embetsverk knytt til politiske skandalar sidan 1814.
Eriksen har også arbeida med å gå igjennom interne dokument i ulike utval og kommisjonar, mellom anna som medlem i Libya-utvalet og 25. juni-utvalet. Han har også vore involvert i prosessar for å få offentleggjort slike interne dokument i samband med Nav-skandalen.
«Det kan skade styringssystemet å nekte offentlegheit.»
— Christoffer Conrad Eriksen, jussprofessor ved UiO
I tillegg har han vore involvert fleire gonger når hemmelege og «organinterne» dokument har vorte offentleggjorde tidlegare. Det skjedde mellom anna i samband med Libya-krigen og i Nav-skandalen.
Eriksen meiner at erfaringane viser at motargumenta til embetsverket står seg dårleg.
– Dei som arbeider på SMK, vil gjerne argumentere med at ein slik offentlegheit vil ha ein nedkjølande effekt, i form av at ein sluttar å skrive ned ting i frykt for at det skal bli offentleggjort. Det er eit argument som står seg dårleg i desse sakene med habilitetsvurderingar, fordi det der uansett vil vere naudsynt med skriftleggjering, seier han.
Etter å ha studert offentleggjering av interne dokument nøye, meiner Eriksen at det ikkje finst noko haldepunkt for at slik offentleggjering er skadeleg eller har negative konsekvensar i saker der det oppstår mistanke om alvorleg styringssvikt.
– Tvert om så er det positivt med offentlegheit, og det kan skade styringssystemet å nekte offentlegheit, seier han.
SV vil opne
Audun Lysbakken sit i kontrollkomiteen på Stortinget for SV, og han har teke initiativ til at komiteen skal be Erna Solberg om å frigje dei hemmelege SMK-dokumenta.
– Det er viktig for å gje eit betre bilete av kva det er som har skjedd. I denne saka er det også eit spørsmål kor godt Erna Solberg sjølv har handtert habilitetsvurderingane, og då må vi få sjå korleis dette har blitt vurdert medan ho var statsminister, seier Lysbakken.
Han legg til at Solberg ikkje kan skulde på SMK for at dei seier nei.
– SMK kan ikkje utan vidare gje innsyn i desse dokumenta frå ein tidlegare regjering, men dersom Solberg gjev grønt lys for det, så er det praksis for at dei vert offentleggjort. Så dette ligg på Solbergs bord, seier Lysbakken.