Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Sindre Finnes tente stort på gruvegambling då Erna Solberg vart statsminister. Om tolv dagar er handelen for gammal til at Økokrim kan etterforske.
Gruvehandel forelda om tolv dagar
Solberg-saka

Berre dagar før den borgarlege regjeringa la fram regjeringserklæringa si på Sundvollen i oktober 2013, kjøpte Sindre Finnes seg opp i gruveselskapet Nordic Mining.
Då regjeringserklæringa opna for det omstridde gruvedeponiet ved Engebøfjellet i Førdefjorden, skaut Nordic Mining-kursen i vêret. Ifølgje avisa Firda kan Finnes ha tent 126.000 kroner på handelen.
Det er ikkje bevist at Finnes baserte investeringa si på innsideinformasjon. Økokrim vurderer for tida om dei skal etterforske saka. Politiavdelinga har sagt at det kan ta fleire veker før dei veit om dei skal etterforske.
Men før Økokrim rekk å ta ei avgjerd, kan heile gruvehandelen til Finnes vere forelda. Lova slår fast at innsidebrot har ein frist for forelding på ti år.
Kan ikkje bli straffa då
Det siste aksjekjøpet Finnes gjorde i Nordic Mining, fann stad 3. oktober 2013. Det er ti år sidan om tolv dagar.
– Då har ikkje Økokrim moglegheit til å etterforske det, seier jussprofessor Jon Petter Rui ved Universitet i Bergen.
At eit brotsverk er forelda etter straffelova, betyr at du ikkje kan bli straffa for det. Verdipapirhandellova slår fast at strafferamma for innsidehandel fengsel i inntil seks år. Etter paragraf 86 i straffelova er eit forhold forelda etter ti år om strafferamma for lovbrotet er mindre enn ti år men meir enn tre år. Det betyr at ein ikkje kan bli straffa for innsidehandel som skjedde for meir enn ti år sidan. Og om tolv dagar er det meir enn ti år sidan Sindre Finnes kjøpte 70.000 aksjar i Nordic Mining.
Klassekampen har spurt Økokrim om ei mogleg forelding påverkar deira vurderinga, men vi har ikkje fått svar.
«Lovleg handel»
Finnes seier gjennom sin advokat Thomas Skjelbred at spørsmålet om forelding ikkje er relevant. Sjølv om han vore uærleg mot kona si, seier Skjelbred, har Finnes framleis drive med lovleg aksjehandel.
– Forelding er berre relevant når det er tale om straffbare handlingar. Sindre Finnes har drive med lovleg aksjehandel, som ikkje er straffbart, seier Skjelbred til Klassekampen.
Regjeringa sa ja
I Sunnfjord og Førde har saka om gruvedeponi vore ei stor stridssak i meir enn ti år.
Nordic Mining vil vinne ut rutil og granat frå Engebøfjellet, men dei vil også dumpe gruveavfallet i fjorden. Det har mellom anna Havforskingsinstituttet åtvara kraftig mot.
I 2010 gjorde Førde kommune eit vedtak om at dei ikkje ønska gruvedrift med fjorddeponi i Førdefjorden. Den gongen skjedde det mellom anna med røystene frå partiet Høgre, og framtidig ordførar for Høgre Olve Grotle.
Seinare snudde både Grotle og fylkespartiet Sogn og Fjordane Høgre, etter initiativ frå Naustdal Høgre. Likevel var det ei viss spenning knytt til om regjeringserklæringa til Høgre og Framstegspartiet i oktober 2013 kom til å opne opp for eit gruvedeponi, og aksjekursen til Nordic Mining reagerte svært positivt på opninga.
Pressesjef Cato Husabø Fossen i Høgre har avdramatisert saka.
Til Dagbladet sa han tidlegare i veka at «det var ingen nyhet eller overraskelse for noen at dette inngikk i regjeringsplattformen til regjeringen Solberg».
«Sindre Finnes har drive med lovleg aksjehandel.»
— Thomas Skjelbred, Finnes’ advokat
Sjølv om Solbergs høgre hand meiner at deponisaka ikkje var noko overrasking, slo nyheita ned som eit sjokk i aksjemarknaden. Då handelen på Oslo Børs opna måndag 7. oktober – nokre timar før Solberg la fram si regjeringserklæring – kosta ein Nordic Mining-aksje 1,327 kronar.
Dagen etter, då marknaden hadde reagert på Solbergs nyheit, kosta aksjen 1,759 kronar. Med andre ord: Ei auke på 33 prosent på berre to dagar
Investeringsdirektør i Nordea Robert Næss har sagt til Dagbladet at handelen med aksjar i Nordic Mining skil seg ut frå resten av handelen til Finnes, fordi det er tale om to store aksjepostar som han kjøper og held på i fleire veker.
Finnes var til stades
Sindre Finnes var i følgje ei sak i Dagbladet 5. oktober sjølv innom Sundvollen Hotel då regjeringsforhandlingane var i gang i 2013. Han kjøpte aksjar i Nordic Mining 19. september og 3. oktober. 7. oktober la Høgre og Framstegspartiet fram regjeringserklæringa si, der det stod at regjeringa sa ja til gruvedeponi.
Finnes selde alle dei 70 000 aksjane i Nordic Mining i desember 2013. Då hadde aksjekursen auka med kring 175 prosent frå kjøpstidspunktet.
Jussprofessor Rui seier at det er den siste datoen Finnes kjøpte aksjar i selskapet som er relevant for om saka snart er forelda.
– Når det er ti år sidan 3. oktober 2013, så er saka forelda.
– Går det aldri an å etterforske noko sjølv om det er forelda?
– Det går ikkje an å gå rundt at noko er forelda. I nokre tilfelle der folk har stole veldig mange gonger, eller vore valdeleg veldig mange gonger, så går det an å sjå det i samanheng sjølv om det er forelda. Det er nok ikkje relevant i denne saka, seier Rui.