Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gruvemynt

Førdefjorden strekkjer seg frå den vakre byen Førde og heilt ut i storhavet. Langs fjorden ligg det mange små jordbruksgrender, og ei av dei heiter Engebø. Dei som bur der, har vorte tvungne til å selje husa sine, for selskapet Nordic Mining held på å byggje opp ei gruve der dei skal vinne ut rutil og granat. Den vesle grenda har slite med fråflytting i tiår, og då er det sjølvsagt kjekt å plutseleg få 110 arbeidsplassar i ei ny bedrift. Likevel er det meste av bygdefolket negative til gruva.