Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Amadeus» er kanskje ikkje det mest djuptpløyande teater, men ei fantastisk scenisk oppleving.

Uvanleg ­spektakulær

Bak ryggen: Utan at Constanze og Amadeus (i bakgrunnen) veit det, driv Salieri (Kyrre Haugen Sydness) sitt skitne spel. Og han erkjenner det sjølv. Foto: Lars Gunnar Liestøl

Kilden teater og konserthus i Kristiansand er eineståande i norsk samanheng ettersom det er både teater, symfoniorkester og opera i same eining og hus. Det har dei tatt konsekvensen av ved å setje opp Peter Shaffers «Amadeus» som ei multimedial og uvanleg spektakulær framsyning der heile det store kulturhuset får vise kva dei kan. Det er blitt ein omfattande produksjon som få teater- og konserthus kan gjere dei etter.