Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Pakistanske kristne blir skulda for blasfemi og angripne av ekstremistar. Kva side vil statsmakta ta?

Jakta i Jaranwala

FORFØLGT: Pakistanske ekstremistar misbrukar blasfemilova og går til åtak på den kristne minoriteten, skriv Johannes Morken. Her frå Jaranwala i august. Foto: K.M. Chaudary, NTB/AP

Panikken breidde seg i ein kristen landsby i Jaranwala utanfor den pakistanske byen Faisalabad om morgonen 16. august. Ei rasande folkemengd samla seg – nokre lausrivne koransider skulle ha blitt funne utanfor huset til to kristne brør. Mobben rasa mot påstått blasfemi og kom med stokkar, stenger, fyrstikker og kjemikaliar for å få skikkeleg fyr. Livredde kvinner og barn frå fleire hundre kristne familiar gøymde seg i åkrane utanfor landsbyen. Timar seinare var 25 kyrkjer og over 90 hus vandaliserte eller brende. Alt i husa var knust eller stole. I oskehaugane låg ei mengd brende biblar.