Denne veka er det 15 år sidan den globale finanskrisa i 2008 byrja for alvor, med konkursen til den amerikanske investeringsbanken Lehman Brothers den 15. september 2008. Konkursen gjorde det tydeleg for alle i marknaden at dei matematisk sofistikerte finansielle produkta, som var bygd på risikable bustadlån og så selt vidare til investorar over heile verda, ikkje var så trygge som finanssektoren hadde lova. Warren Buffett kalla finansprodukta for masseøydeleggelsesvåpen. Panikken breidde om seg globalt, og tapa dukka opp i alt frå islandske bankar, japanske pensjonsfond og norske «Terra-kommunar».
Bankane er private i gode tider, men verna føretak i krisetider. Kan me leve med det?
Banksosialisme
Kron og mynt