Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Latteren får runge fritt i Agnes Ravatns utprøvande essayistikk.

Teori i praksis

Gøy på landet: Agnes Ravatn har flytta heim til ein stad med eit rikt uteliv. Foto: Helge Skodvin
Sakprosa

Agnes Ravatn

Alle mot alle. Essay, artiklar og gjeldsbrev

Sakprosa

Samlaget 2023, 300 sider

Eg flytta til bygda for å få ro til å skrive – men skreiv deretter berre indignerte lesarinnlegg i lokalavisa», skriv Agnes Ravatn i ein ‘Rural-pandemisk flyktningguide’, først trykt i Aftenposten i 2021 og no saman med andre avisspalter, antologi- og tidsskrifttekstar i boka «Alle mot alle». Der ramsar ho opp «det verste med bygda» i 13 punkt, men landar på at dette, at ho no tilsynelatande berre kjeftar i lokalavisa, er det aller verste.