Fylkesveg 609 i Sogn og Fjordane, mellom Førde og Askvoll, er smal som ein strikkepinne. Ein stad mellom Heilevang og Gjelsvik, går vegen like forbi ein foss. Då eg var liten, spruta fossen over heile vegen kvar gong det hadde regna mykje, og på same måte som det var kjempegøy å stå på enden av ferista kvar gong trailerane køyrde over (viss dei ikkje senka farten om dei såg dei ivrige småbarna som sto der, vel å merke), var det frydefullt å køyre gjennom ein svær foss. Ein gong vi køyrde der, stoppa faren min og lét fossen sprute over bilen i fleire sekund. Eit framifrå barndomsminne!
Barndommens fryd over ein brusende foss langs Fylkesveg 609 er erstatta med ei trugande kjensle.
Styrtregnet kjennest ikkje lenger forløysande
Signert