Kvar vår når stortingspolitikarane løyver seg sjølve ei god lønsauke, får vi diskusjonen om det må ein million til for at vervet skal vere attraktivt eller om dei fjernar seg frå folket dei tener med så høge løner. I fjor passerte dei millionen og får no 1.107.190 kroner i året for det gjæve vervet. Byrådane i Oslo tener 1.367.099 kroner, som SV-byråd Sunniva Holmås Eidsvoll tener og vil sjølv ha ned. Oslo har òg den best betalte ordføraren i landet. Marianne Borgen (SV) tener 1.518.999 kroner.
Pengane
Dagboka