Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Norsk filminstitutt ­protesterer mot kinofilmpris.

Politisert forvalting

Trakkar i salaten: NFI trekker seg frå Amandakomiteen fordi reine strøymefilmar, som «Troll», ikkje kan bli nominerte. Foto: Netflix

I går vart det kjent at Norsk filminstitutt (NFI) trekker seg frå Amandakomiteen, som står bak Amandaprisen. Prisen, som årleg blir delt ut i Haugesund, vart oppretta i 1985 som eit samarbeid mellom Den norske filmfestivalen og Norsk kino- og filmfond, som i dag inngår i NFI. Frå første stund har prisen vore omstridd, og det har vore grunn til å setja spørjeteikn ved Amandas faglege tyngde og integritet, men at NFI har tatt så tydeleg stilling i årets debatt, er spesielt.