Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lenin

Karl Ove Knausgård har teke imot den svenske leninprisen for sitt forfattarskap, eller «Jan Myrdals stora pris – Leninpriset» som prisen heiter. Både debattansvarleg i VG Hans Petter Sjøli og historikar i Civita Bård Larsen har oppmoda Knausgård om å takke nei til prisen, men forfattaren takkar ja. Og han han gjer det med grunngjevinga at Lenin er ein kompleks figur, som på den eine sida etablerte det totalitære sovjetregimet, og på hi sida kjempa fram betre liv for russarane som levde i det forferdelege tsarveldet. Berre det å hevde at Lenin var ein kompleks figur blir faktisk av nokre trekt fram som ein oppsiktsvekkjande påstand. No blir det også i avisa Minerva hevda at Lenin er ein av «historiens verste massemordere». Dersom ein faktisk trur det, er det jo ikkje så rart at påstanden til Knausgård verkar oppsiktsvekkjande.