Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Olaug Nilssen har gitt ungdomshelten Håkan Hellström ein ny sjanse. Det gjekk ikkje så bra.

Det er over for meg

LIVETS EKSTASE: Ein ung Håkan Hellström crowdsurfar under ein konsert i Bergen i 2002. Foto: Bjørn Erik Larsen/Scanpix

Om eg skriv would you know my name, if I saw you in heaven er det truleg at du straks høyrer melodien til Eric Clapton (i alle fall viss du er over førti). Då kan du kanskje også tenke deg korleis det høyrest ut om nokon syng ordet «ADHD» på denne melodien. Om du har høyrt Håkan Hellström synge, kan du legge til hans songstemme. Då har du kva eg har hatt på hjernen den siste månaden. Håkan Hellström har altså klart å få «ADHD» inn i hovudet mitt, om det no ikkje var der frå før – eg er ei av mange kvinner i førtiåra som står i kø for å bli utgreidd for diagnosen.