Dersom målet med livet er å få det til å vara lengst mogleg, og pressa så mange dagar ut or vår tid på jorda at det er berre det tomme skalet att, er alkoholen det første som må ut. Tett bak følgjer feitt, sukker og raudt kjøt. Men trass i all vitskapleg statistikk finst det mange som med opne auge gjev avkall på ti år i bleier på sjukeheim for å kunna nyta bordets gleder her og no. Det er råkande uttrykt av den danske poeten Benny Andersen i diktet «Diæt»:
Av fire svirebrør får dei tre att-levande bera kista til den fjerde.
Promillerekneskap
Solveigs salt