Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det er nok symbolpolitikk. Me treng ekte handlingar, med ekte verknadar.

Klimatiltaka som ikkje kan vente

I land etter land prøver forskarar fortvilt å forklare at oppvarming og anna miljøøydelegging må takast på alvor. Meir tyder på at oppvarminga når fire-fem grader enn at ho stoggar på 1,5. Det biologiske mangfaldet krympar, matjord blir borte, grunnvatn blir tappa dit at akviferar går tomme, og me kan om nokre år eller tiår frykte tisifra tal økologiske flyktningar og fleire krigar utløyste av mangel på mat og vatn. Men politiske leiarar avgrensar miljøpolitikken til symboltiltak som å byte ut bilparken med elbilar og gjere uforpliktande vedtak om nullutslepp i 2050.