Ferja
Eg har fått skulda for både første og andre verdskrig, fortalde den nitten år gamle ferjebillettøren Simon-Emiil Bergstrøm Waage til NRK. Han har fått mykje merksemd etter han skreiv eit Facebook-innlegg om hetsen han opplever som sommarvikar på Lavik–Oppedal. Hovudtillitsvald i reiarlaget Norled, Tore Årland, seier til Firda at tilsette på ferjene kan få rasistiske tilrop eller verte vist fingeren til når bilane køyrer frå ferja. Far til Bergstrøm Waage, som òg jobba på ferja, vart nedkøyrd av ein sint bilist og vart ufør. Det er han ikkje den einaste som har vorte, seier Årland.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent