Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Samvirke

Felleskjøpet på Jølster i Sunnfjord legg ned detaljhandelen sin. Dei skal ikkje lenger selje hageslangar og spadar, men heller sentralisere tilbodet til butikkane i Førde og i Sogndal. Det likar ikkje jølstringane, og i lokalavisa Firda har fleire tidlegare Felleskjøp-toppar vore irritert på avgjerda. Dei tykkjer det er rart at lokalbefolkninga ikkje vart involvert før butikken vart lagt ned.