Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dei strenge kjønnsnormene i Japan kom ikkje før møtet med Vesten på 1800-talet.

Den ­flytande verda

MENNS SEKSUALITET: Såkalla nanshoko-forhold mellom menn og unge gutar var ein del av den japanske kloster- og samuraikulturen i mellomalder og fram til 1800-talet. ILLUSTRASJON: Miyagawa Issho, ca. 1750, Wikimedia Commons

Lat oss starte her, i eit tomt klasserom på eit japansk universitet i 2018. Rommet er sterilt, kvitt. Eg set meg ved ein av dei tomme pultane. Eg ventar på å møte ein representant for den skeive studentorganisasjonen. Inntil nyleg visste eg ikkje eingong at denne gruppa fanst; eg har googla meg fram til ho. Nettsida var så stussleg at eg er positivt overraska over å ha fått svar i det heile.