Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Om «Min venn Balthazar» lét eit esel spela ut pasjonshistoria, er «Eo» ei pasjonert historie om eit esel.

Eselpasjon

Eo

(Polen, Italia, 2022) Regi: Jerzy Skolimowski Manus: Ewa Piaskowska, Jerzy Skolimowski Eselepos, 1t. 28min., Cinemateket

Er det mogleg å setja seg i dyret sin stad, og erfara det dyret gjer? Den polske regissørveteranen Jerzy Skolimowskis vakre og medrivande eselfilm «Eo» går inn i ein lang fabeltradisjon, men rører også ved ein aktuell filmteoretisk og filosofisk debatt, som har vorte aktualisert av ordlaust observerande dyredokumentarar som Viktor Kosakovskiys film om grisen «Gunda» (2020) og Andrea Arnolds namnlause «Cow» (2021).